Utstilling Lysleite II

Vi ønskjer velkommen til opning av utstillinga Lysleite II laurdag 27. november klokka 12.00. Fotograf Tor Sivertstøl vil då opne si utstilling med fantastiske tolkingar av lys. Lysleite II er ei vidareføring av filmen Lysleite som vart laga tilbake i 2013, vart seld internasjonalt og vann Gullrutens beste foto i 2014. Lysleite II er denne gongen ei fotoutstilling kombinert med lyd og film. Utstillinga er ei salsutstilling og kan opplevast i utstillingsrommet i Krona på Romsdalsmuseet i perioden 27.11.2021 til 04.01.2022.

«Som fotograf ser eg, eller leitar eg alltid etter lys. Så lysleite er noko som alltid ligg i meg». Tor Sivertstøl

Utstillinga kom til som eit samarbeid mellom Tor Sivertstøl, Molde kunstforening, Romsdalsmuseet og Glamox.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.